Personvern og bruksvilkår Heit Vik

1. Generelt

Terje Målsnes ENK, org.nr. 926 694 197 (heretter kalla Heit Vik), ivaretek personvernet ditt. I denne personvernerklæringa informerer vi om korleis vi handterer personopplysningane dine i samband med at du vitjar nettsidene våre og gjer bookingar. Vi kan gjere endringar i personvernerklæringa for å gjenspegle endringar i verksemda vår, på nettsidene våre eller i tenestene våre, eller gjeldande lov. Den siste versjonen av personvernerklæringa finst alltid her på nettstaden.

2. Handsaming og rettar

Du har når som helst moglegheit til å trekkje tilbake eller be om innsyn i dine eigne persondata. Berre personar som treng det for å utføre arbeidsoppgåver, vil ha tilgang til opplysningane som er nødvendige for å handtere avtaler og førespurnader.

3. Kven er ansvarleg for personopplysningane vi samlar inn?

Heit Vik har ansvaret for at dine personopplysningar blir handsama i samsvar med lover og reglar. Vi set i verk tryggingstiltak for å verne personopplysningane dine mot å bli manipulerte, gå tapt, bli øydelagde eller at uvedkommande får tilgang til dei.

4. Korleis samlar vi inn personopplysningar?

For å kunne tilby deg eit komplett tilbod, vil vi be om: telefonnummer, e‑post og namn.

Vi samlar inn persondata gjennom Vipps og gjennom innskriving frå brukaren. Denne informasjonen blir ikkje delt med andre og blir berre brukt til nødvendige formål for administrering, støtte og gjennomføring av avtaler mellom brukarstaden og kunden.
Vipps sine vilkår kan lesast her: https://www.vipps.no/vilkar/vilkar-privat/

5. Betaling

Betaling skjer med vald betalingsform i kassa. Betalingsløysinga er levert av Vipps.

Visa og MasterCard er godkjende betalingsformer. Kredittkort blir belasta i det kjøpet blir gjennomført.

Betaling med Vipps blir gjort med kortbetaling.

Delbetaling er ikkje mogleg. Ved ynske om faktura, kontakt oss på post@heitvik.no

6. Vilkår for medlemskap

Heit Sunde blir i det følgjande omtala som seljar/seljaren.
Kjøparen er forbrukaren som gjer bestillinga, og blir omtala som kjøpar/kjøparen.

Medlemskapet ditt gir tilgang til rabatterte prisar for bruk av Heit Vik sine fasilitetar og tenester. Du får tilgang frå kjøpstidspunktet.

Abonnementet har inga bindingstid og kan når som helst avbrytast ved å kontakte Heit Sunde på e‑post eller ved å avbryte abonnementet i Vipps under administrer abonnement. Etter belastning får du tilgang til heile månaden, uavhengig av når i månaden du avbryt. Du har 14 dagars angrerett.

Klager skal rettast til seljaren innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen kontakte Forbrukarrådet for mekling. Forbrukarrådet er tilgjengeleg på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.

7. Avbestilling

Ved avbestilling meir enn 24 timar før start får du full refusjon (minus eit administrasjonsgebyr på 75 NOK).
Det er ingen refusjon ved avbestilling mindre enn 24 timar før start.

Om du ønskjer å endre tidspunkt, ordnar vi det gjerne. Ta kontakt på post@heitvik.no