Heit Vik er ei nystarta saunaoppleving i Vik i Sogn – midt mellom fjord, fjell og frisk luft.
Ideen bak saunaen er enkel: skape ein stad der folk kan roe ned, bli varme og ta eit bad i fjorden – året rundt. Saunaen er open for både lokalbefolkning og besøkande, og målet er at dette skal vere ein naturleg møteplass i bygda.
Prosjektet er starta og drive lokalt av Terje Målsnes, med eit ønske om å utvikle fleire små opplevingar i Vik som gjer bygda endå meir levande – både for dei som bur her og for dei som kjem på besøk.
Konseptet er inspirert av den nordiske badstovetradisjonen: varme, kulde og natur tett på kroppen. Ein time i saunaen kan vere alt frå ei roleg stund åleine, til ein sosial møteplass med venner eller familie.
Saunaen kan bookast privat eller brukast saman med andre i fellestimar.
Velkommen til ei varm oppleving i Vakre Vene Vik